Eg har teke bilete av kvite kuler mot svart bakgrunn. Eg har liten erfaring med foto, så difor velte eg dette som metode. Minimalsme er sjangeren eg jobbar i, men i og med at formene er så runde vert det litt pop-art preg på det.
Svart/kvit er vel med den sterkaste kontrasten ein finn. I tillegg har eg her kontrasten liten/stor, sjølv om den kunne vore tydlegare framstillt. Dotter mi sa: "mamma som passa på ongen" då ho såg dette bilete, det syns eg var ein god assosiasjon,- det treng ikkje vere kontrast, men vaksen og unge er oftast ulike i storleik, men har mange likheitstrekk- slik som desse kulene.
onsdag 7. oktober 2009
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Så herlig med kuler. Gode bilder og oppsett. Stå på!
SvarSlett