mandag 5. april 2010

Skrytebilete :)


Eg måtte berre sjå om eg fortsatt hugsar dette blogg-styret ;)

tirsdag 24. november 2009

Farge








Eg har nytta det kjende Volkswagen symbolet, teikna meg mønster og brodert dette i komplimentærfargane lilla/gulgrøn. Her ser de broderiet nytta som gardin band og pynt til lys (NB! Ikkje prøv dette heime, det kan muligens vere ein smule brannfarlig ;))

















søndag 22. november 2009

Gubben og katten

Analyse av Visuelt kulturuttrykk for barn med vekt på innhald og funksjon


Sven Nordqvist: Da katten Findus var liten, Cappelen Damm,2001

Av Ingrid Leite Bueie





Eg har små barn, så eg har god kjennskap til barne-tv og data-spel og mange barnebøker. Likevel var var valet enkelt då eg las denne oppgåva; det berre måtte bli ei bok om gubben Pettersen og katten Findus. Bøkene om gubben og katten er eg, og barna mine heilt fasinert av. Det er fleire bøker i denne serien om dei to gode venene. Boka eg har valt handlar om det første møte mellom desse to finurlige skapningane, den gong Findus var liten kattunge.

Handlinga i boka er enkel og sjarmerande. Gubben Pettersen sit med katten Findus på fanget. Findus vil at gubben skal fortelje han om den gongen han var liten og forsvant. Vi får vere med tilbake til det første møtet mellom desse to, Findus ankom garden til Pettersen i ei pappeske som det stod ”Findus grønne erter” på. Derav fekk katten namnet sitt. Gubben hadde hatt einsame dagar før dette, og trengde litt liv i huset og på garden. Vi ser at gubben får ei utfordring med å oppdra denne vesle kattungen, han slepp å ha stille stunder og einsemda er heilt borte. Vi får sjå katten sine mange påfunn, han utforskar det meste han støyter på og er aktiv frå morgon til kveld. Ein dag møtte han ein grevling: ”Findus ble så redd at hvert hårstrå reiste seg. Som en stålfjær hoppet han rett inn i skrothaugen og ned i en gammel kasse.” Her sat han stiv av skrekk til gubben etter mykje leiting fann han att. Avsluttningsvis ler Findus av at han var redd grevlingen, for grevlingen er ikkje det minste farlig når ein berre vert kjend med han.

Bodskapen og handlinga er kort oppsummert nært vennskap på godt og vondt. Lesarane får oppleve situasjonane frå to sider. Dei ser og kan lett sette seg inn i Findus sine behov for spenning og utforsking. Samtidig som dei får sjå at gubben vert redd, sint og lagar reglar fordi han er glad i Findus, og ikkje vil at noko skal hende med han. Dei får ein gjensidig respekt for kvarandre, og skjønar at dei må samarbeide og ta omsyn til den andre for at dette skal verte vellukka.

Språket er enkelt og kvardagsleg, utan framandord. Viss gubben nyttar vanskelege ord må han forklare desse til Findus. Den er altså skrive på ein måte som gjer at dei minste barna skjønar handlinga utan dei store forklaringane, det held med forklaringane Findus får. Det er ein god porsjon humor i teksten, td. då katten seier til gubben: ”vi kan leike klø katten, og du kan vere katten.” Dette er eit typisk Findus-utsagn. Han kjem stadig med spørsmål og forslag, sagt på ein måte som får lesaren til å smile. Meir enn ein gong tek eg meg i å le av denne enkle humoren, så uskuldig, men treffande.


Findus vert framstilt nærmast som eit barn. Han går på to, har grønstripete selebukse og hatt på seg. Han kan snakke, og stiller spørsmål og kjem med framlegg til løysingar på små og store kvardagsproblem. Han har interesser som barna lett kjenner seg att i, og undrar på mykje av det same som ungar gjer. Gubben har gråbrunt skjegg og bustete hår, ein stor brun hatt og briller. Han er ein tolmodig mann med mykje godheit for dei fleste, spesielt for vesle Findus. Han har eit snilt ansikt med gode smilerynker, for smile gjer han ofte. Det er høner på garden til Pettersen, desse ter seg som høner flest, men også dei kan snakke. I tillegg er der nokre små skapningar som Findus kallar mukklar, desse ser ikkje Pettersen, men dei hjelper til med smått og stort på garden.
Illustrasjonane i boka er omfattande og ufattelig detaljrike. Ein kan sjå på eit bilete og oppdage nye element kvar gong. Fargane er klare og sterke. Han nyttar ofte varme/kalde og mørke/lyse fargar for å få djupne i bilete. Varme/mørke fargar på det som skal vere bakgrunn, kalde/lyse fargar trer fram. Ein ser tydeleg om det er dag eller kveld på lysbruken, motivet kan vere nokså likt, men i dusare og mørkare fargar når kvelden har sett inn. Teksten er innpassa til illustrasjonane, den er plassert ulikt frå side til side. Det er svart skrift på kvit bakgrunn.

Dette er ei bok som i enkelte høve syns å balansere mellom paradigmene, men alt i alt syns eg den høyre mest til under den nye paradigmen. Her er kompleksitet, djupne og rom for tolking. Bodskapen i boka er tradisjonell, den er utforma slik at barna forstår alle sidene ved kulturuttrykket, og dermed fungerar formidlinga. Samtidig bidreg den til barn sine eigne kommunikasjons-, lære- og erkjenningsprosessar. Den er med på å fremme deira sensitive utvikling, og med på å inspirere barn til eigen kultur.


Boka sin funksjon er å lære barna viktige spelereglar i eit vennskap. Den gir dei i tillegg eit innblikk i foreldrerolla og deira situasjon. Det er ei underhaldande bok, men ein humoristisk snert og figurar ein vert glad i. Ein føle ein kjenne desse to etter å ha lese nokre av bøkene. Det er laga film av dei som er vist i barne-tv, så barna har kjennskap til dei frå to media. Det vert ikkje kjedeleg fordi tonen i boka er lun og bileta skapar stort rom for dialog. Ein treng ikkje lese teksten i det heile, ein får gode forteljingar berre ved å granske bileta.

Mitt inntrykk av boka er utelukkande positivt, eg får godkjensle av boka. Eg får lyst å lese meir om desse to vennane. Ein kan nok stille spørsmål med om illustrasjonane druknar i kvarandre, men viss ein ser side for side syns eg dei fungerar dei godt.

Nordqvist har klart å skape biletbøker for barn og vaksne. Langt frå alle biletbok forfatterar klarar dette. Enkelte vert kjedelege og andre vert for omfattande og vanskelege. Mitt inntrykk av biletbøker generelt er godt, det er veldig mykje flotte bøker å få tak i. Det har vore ei stor utvikling på dette feltet dei siste åra. Nordqvist klarar å balansere humor og alvor. Han skriv om enkle daglegdagse hendingar, men ved å bruke ein katt ”i staden for” eit barn vert det morosamt med ein gong. Samtidig kan ungane kjenne seg att, noko som gjer at det vert forståeleg, og i tillegg kan dei lære noko av dette. Illustrasjonane spennande og appelerar til barna. Det er mykje bevegelse i bileta hans og mange detaljar. Alt i alt ei føreseggjord og flott biletbok for barn i alle aldrar!

torsdag 19. november 2009

tirsdag 17. november 2009

Foreldreposter







Dette var nok ei utfordrande oppgåve. utrulig mykje ein kan gjere ut av dette, og til meir ein lære til vansklegare vert det å verte fornøgd. Merkar at eg vert meir kritisk for kvar oppgåve som går. Posteren min har eg laga i Word og Photofilter. Bileta er henta frå fjorårets juleverkstad, og dei illustrerar kva aktivitetar vi tenkjer i år og. Eg beskar og tilpassa bileta slik at eg fekk to remser. eg prøvde først å ha alle 6 bileta saman, men syns det balanserte betre med litt luft mellom. Om eg skulle/skal ha alle bileta vert ei anna sak. Eg har her også nytta Arial som skrift type, dette er liksom vorte mi skrift. Bakgrunnen er grøn, dette fordi eine guten på bilete har grøn gensar, og eg ville ta opp att fargar frå bileta. I tillegg eg grøn sett på som ein av julefargane, derav kjem også den raude ramma.. Lurt eller ikkje å nytte slike tradisjonelle fargar??? Undre undre. Eg har midtstillt overskrifta og datoane. Vidare er teksten venstrestillt for så å vere høgrestillt på informasjonsdelen. Dette for å visualisere at det er tre ledd informasjon her, ein overordna med store bokstavar og midtstillt. Den neste informativ med opplysning og oppmodning som er venstrestillt- som er det normale i tekstverden. Og sist kjem den praktiske informasjonen som er høgrestillt. Eg syns dette balanserar, men mulig det vert rotete???????



Følgere