Eg jobbar stadig med desse oppgåvene. Eg syns det er tidkrevjande, men VELDIG lærerikt og artig å jobbe med slike oppgåver.
Banneret mitt har eg laga i Power point og photofilter. Eg har brukt ein mal frå power point som eg har forminska, og bearbeida i photofilter. Skrifta er Arail for å matche skrifta i bloggen.
mandag 26. oktober 2009
onsdag 7. oktober 2009
Kontrast
Eg har teke bilete av kvite kuler mot svart bakgrunn. Eg har liten erfaring med foto, så difor velte eg dette som metode. Minimalsme er sjangeren eg jobbar i, men i og med at formene er så runde vert det litt pop-art preg på det.

Svart/kvit er vel med den sterkaste kontrasten ein finn. I tillegg har eg her kontrasten liten/stor, sjølv om den kunne vore tydlegare framstillt. Dotter mi sa: "mamma som passa på ongen" då ho såg dette bilete, det syns eg var ein god assosiasjon,- det treng ikkje vere kontrast, men vaksen og unge er oftast ulike i storleik, men har mange likheitstrekk- slik som desse kulene.

Mengd/domminans

Spredning
Ubalanse
Symmetri
Jevn frekvens
Når avstanden mellom dei repiterte objekta er lik, har repitisjonen ein jevn frekvens. Det framstår som ryddig og visuelt godt og roleg å sjå på. "stod som perler på en snor og ingen av oss sa et ord" tenkje eg då eg ser på dette bilete
Ujevn frekvens
Når avstanden mellom dei repiterte objekta ikkje er lik, men varierar i ulike grader vert det ein ujevn frekvens. Dette framstår som meir visuelt uryddig. Eg merkar at eg får lyst å rette på dei så dei står "rett". Her assiosierar eg med når elevar skal stå på rekke, då er det alltid ujevn frekvens ;)
Abonner på:
Innlegg (Atom)