onsdag 16. september 2009

Visuelle verkemiddel

Kortrefleksjon:
Denotativt: Dette ei JIF flaske og eit eple som
står på ei mørk kasse. Vidare ser eg at elementa
står ved sida av kvarandre og at JIF flaska er
høgare enn eplet.
Konotasjon: Flaska kunne med fordel vore tona ned ein del i dei mørke kant-linjene, då spesielt den som markerar sida. Likeins ser eg at eplet vart litt mørkt på toppen og ut over venstre sida. Skuggen til flaska vart litt hard og markert.
Bilete har eit pop-art/teikneserie preg, men dette kunne med fordel vorte brukt meir bevisst i arbeidet slik at arbeidet fekk eit fullt og heilt preg av dette.
Flaska er måla, dette var bevisst då eg syns dette formidla stoffet plast best. I arbeidet med eplet nytta eg kol og litt blyant då eg syns det fekk best fram det organiske, som eplet er. Kassa er måla på toppen, for å få ein glans og eit nedtona underlag for elementa. Resten av kassa er teikna med kol. I tillegg har eg nytta svart tusj rundt kantane på etiketten på flaska, for å understreke at dette ikkje er organisk materiale og dermed lage det hardt og avgrensa.
Posted by Picasa

4 kommentarer:

  1. Hei Ingrid !!
    Takk for sist, det var koselig å bli kjent med deg.

    Ein fin beskrivelse og tolking av korleis du har valt og løyse oppgåva. Eg har studiedag i dag og håper å få ferdig oppgåva mi og. Skal legge den inn på slutten av dagen håpar eg. HA EIN FIN DAG !!! KLEM FRA PERDIS

    SvarSlett
  2. Hei på dei!!
    Vi sitter faktisk begge to her hos Perdis. Det er fint å se at du er godt i gang! Det ser ut som om du har full kontroll, mye bra dette her vel!!
    Dobbelklem Perdis og Ann Kristin

    SvarSlett
  3. Hei hei damer :)
    Takkar for kosleg tilbakemelding. Sjølv takk for sist, det var ei kjekk veke!
    Klem tilbake frå meg ;)

    SvarSlett

Følgere