Kortrefleksjon:
Denotativt: Dette ei JIF flaske og eit eple som
står på ei mørk kasse. Vidare ser eg at elementa
står ved sida av kvarandre og at JIF flaska er
høgare enn eplet.
Konotasjon: Flaska kunne med fordel vore tona ned ein del i dei mørke kant-linjene, då spesielt den som markerar sida. Likeins ser eg at eplet vart litt mørkt på toppen og ut over venstre sida. Skuggen til flaska vart litt hard og markert.
Bilete har eit pop-art/teikneserie preg, men dette kunne med fordel vorte brukt meir bevisst i arbeidet slik at arbeidet fekk eit fullt og heilt preg av dette.
Flaska er måla, dette var bevisst då eg syns dette formidla stoffet plast best. I arbeidet med eplet nytta eg kol og litt blyant då eg syns det fekk best fram det organiske, som eplet er. Kassa er måla på toppen, for å få ein glans og eit nedtona underlag for elementa. Resten av kassa er teikna med kol. I tillegg har eg nytta svart tusj rundt kantane på etiketten på flaska, for å understreke at dette ikkje er organisk materiale og dermed lage det hardt og avgrensa.
onsdag 16. september 2009
Reiskap
Å kommunisere meiningsinnhald utan å nytte ikon eller symbol er ei utfordring. For kommunisere mjuk nytta eg kol, dette er ein tørr teiknereidskap som eg syns kommuniserte mjuk. Rytme og kontrast nytta eg våt teiknereiskap, henholdsvis måling og tusj, desse meiningsinnhalda tenkje eg ikkje er så avhengig av kva teiknereiskap ein nyttar. Kvass vart til ved at eg nytta 8b blyant, i utgangspunktet tenkte eg å nytte tusj i dette fordi eg meina tusj gir eit kvast og hardt uttrykk. Bleik var den største utfordringa, den vart til slutt til ved å bruke måling, ein gusjen grå-bleik farge. Bråk var moro, her vart alle teiknereiskapa nytta, kol, blyantar, tusj og måling, dette for å bråke litt ekstra.
Abonner på:
Innlegg (Atom)